Backstage Newton

Skulle kanskje tru at Newton har et stort team med lydmann, lysmann, regissør, produsent, sminke og så vidare. Neida, dei er berre tre stykker. Her er bilder frå opptaket til Newton: Memo.


Trykk på bilda for å sjå større versjon. Her testar Rune lyden. Bikkja er framleis sur etter at Solveig tvang den i dusjen under innspeling av ei dusjescene


Det er alltid masse mikkmakk med utstyr og sånt før ein kjem igang å filme. 1 minutt på skjermen kan av og til vere en time med organisering/filming. Til og med produsenten, Frida, må ta i et tak. Her spelar dei inn introen til ein anna episode. Etter fire-fem forsøk får Solveig introen til å sitte. For øvrig er nok Solveig den programleiaren med best skodespelar-talent som eg veit om


Tok bilde av bilen, uvitande om kva situasjon den skulle føre oss inn i


For vi skulle til en barneskule. Vi svingte inn på skuleplassen og alt gikk greit heilt til dei såg NRK-logoen på døra. Da glømte dei fotball, hoppetau og slåball og la på sprang etter bilen.


Solveig veit godt kva barna er ute etter.


Dei skal ha autograf! Alle i bilen må skrive autograf, enten du er programleiar eller kameramann


Eg er glad eg har så kort navn. Men så skulle ei jente ha «Til Camilla» og da skulle plutselig alle ha «Til». Og så måtte ei jente ha datoen programmet blir sendt nedskrive, og da skulle alle ha det


Saved by the bell: Til slutt ringte klokka og storefri var over. Vi kunne begynne å filme og eg måtte legge frå meg kamera. Kan hende at eg legg ut litt bilder frå Schrödingers Katt seinare