Kurs nummer 666 ved fylkesveg 666

huskekurs

Eg gjorde ei opptelling over antall huskekurs og teambuilding sidan 2005. Litt artig at kurs nummer 666 var langs fylkesveg 666. For en kristen skule.

Det har vore stort å inspirere så mange. Kjekt å høre at folk har hatt stor nytte av Memo.

Det er mange ting som har gjort inntrykk på dei 666 kursa. Mellom anna ein episode i Vestfold. Det var et gratis kurs for studentar, og det var ledige plassar. Like før vi starta gikk eg bort til nokre studentar, og spurte om dei ikkje ville være med. Nei, dei ville dei ikkje.

Tid er det mest dyrebare i livet vårt. To timar Memo-kurs vil spare studentar for enormt med tid på lesesalen. Eksamen er i stor grad en hukommelsestest. Da er det fornuftig å bruke gode husketeknikkar. Men som John Keynes sa: People will do the rational thing, but only after exploring all other alternatives.

Det gjeld forsåvidt meg også. Ofte ligg svaret rett framfor oss, men vi tør ikkje å prøve, eller møte opp. Som Woody Allen sa: Eighty percent of success is showing up.

Det første huskekurset i Danmark

Andre minneverdige ting var kurs nummer 42, mitt første kurs i Danmark. Eg hadde snakka et kvarter (på norsk), og deretter gitt deltakarane ei oppgåve. Nokre minutt etter at dei fikk oppgåva spurte eg korleis det gikk. Da viste det seg at ingen hadde forstått kva eg sa…