finse
Å sitte på toget over fjellet gir tid til å tenke, til å drøyme. Kikke ut vinduet og filosofere. Eg tenker tilbake på livsprosjekt: Å lære eit språk, snekre ei hytte, skrive ei bok, trene eit lag. Om du er på leiting etter eit prosjekt, vil eg dele nokre forslag. Nokre forslag er gratis, andre vil befri lommeboka for et par hundre. Alle prosjekta er relatert til hukommelse. For når du har et så kraftig verktøy som Memo, så får du lyst til å bruke det – til å huske noko stort:

Lær deg alle land og hovudstadar i verda. Boka heiter Memo Globus. Du bør rekne med å bruke fire til åtte kveldar, helst fordelt på to til fire veker. Resultatet er at du lærer noko som nesten ingen andre kan. Men sjølve prosessen er det artigaste med dette prosjektet.

Ta ei armheving. Det høres absurd ut med kun ei armheving, men dette prosjektet har inspirert mange kjente og ukjente. Tidsbruken er mellom fem sekund og ett minutt – kvar dag – i ett år. Resultatet er at du får full kontroll på vekenummera, du får ei solid brystkasse og det er kanskje starten på spennande vaner i livet ditt. Les meir om livsprosjektet.

Språk som livsprosjekt

Lær italiensk, spansk, fransk eller tysk. Det er litt stas med prosjekt som har ein ende. Tingen med å lære italiensk er at det aldri tar slutt. Men i boka «Memo: lær italiensk» finn du dei tusen viktigaste orda, med oppskrift på korleis du hugsar dei. Som du har merka på ferie kjem du langt med tjue ord. Tenk kor langt du kjem med tusen ord. Til dette prosjektet bør du bruke nokre kveldar kvar veke, i ein månad eller tre. Resultatet er at du kan kommunisere imponerande bra. Eg Er stolt over at fleire skular bruker desse bøkene i undervisninga.

Lær å memorere kortstokkar, siffer eller andre triks. Ulempa med å memorere denne type informasjon er at det er unyttig informasjon. Men du får glimrande hjernetrim. For min del er dette livsprosjekt som eg har hatt i seksten år. Boka heiter «Betre hukommelse: Best of Memo». Tidsbruken er opp til deg. Resultatet er litt vanskelig å sette fingeren på, men eg føler at eg ser ting betre. For eksempel hvis eg les ei bok etter å memorert (kortstokk, siffer, kva-som-helst) ser eg skildringane klårare. Ein annan effekt av å memorere raskt er at eg generelt tenker raskare. Ofte ser eg på ei klokke, og lurer på om den har slutta å virke – så viser det seg berre at ett sekund kjennes som lang tid.

Husker du sangen «Countries of the World», fra Animaniacs? I Norge er Ylvis sin versjon mest kjent. Den største utfordringen er å huske teksten, og det går ganske raskt ved hjelp av memorering. Oppskrifta finner du i Memo Globus.

Lukke til!

livsprosjekt