Norsk studie: Lytting er betre enn notering. Eller?

Høgskulen på Vestlandet fann i ein studie at elevar hugsar betre ved å lytte, i staden for å notere. Studien er spennande, men media og andre tolker resultata på feil måte.

Om studien

Hundre elevar på vidaregåande blei testa. Dei fekk høre tolv setningar av typen: «rull bollen», «skriv med pennen» og «drikk av glaset». Etterpå skulle dei gjenkalle. Elevane brukte ein av fire strategiar mens setningane blei lesne opp:

Mime
Berre lytte
Notere på ark
Skrive på pc

Dei som mima huska klart flest, nesten ni av tolv setningar.

Dei som lytta klarte å gjenkalle åtte.

Notering på ark var litt betre enn pc. Begge metodane ga gjenkalling på litt over seks setningar i snitt.

Illustrasjon: Høgskulen på Vestlandet

Hukommelseskonkurransar er relevant samanlikningsgrunnlag til studien. I VM i hukommelse er det fleire øvingar som liknar på studien (studien handla om oppleste setningar). Dersom oppleste setningar var ei øving i VM ville deltakarane lytta. Nokre deltakarar ville i tillegg mima. Slik som vist på Norske Talenter (det er ikkje nødvendig å sjå videoen for å henge med i argumentasjonen vidare)

Mens eg lytter bruker eg husketeknikk. Etterpå mimer eg (mest for tv si skuld – det er kjedelig å vente, men også for å potensielt styrke gjenkallinga). Ved slike stunt vil notering medføre dårligare resultat. Både notering samtidig som memorering/lytting -men ikkje minst notering i staden for memorering/lytting (veldig kort fortalt: å bruke husketeknikk gir topp resultat når du konsentrerer deg om nettopp det)

Ved hjelp av husketeknikk (la oss kalle det aktiv lytting) vil både utrente og trente personar huske 11-12 av 12 enkle småsetningar (viser utallige kurs, treningar og konkurransar)

Men, det er stor forskjell på huskekonkurransar og skuletimar. I konkurransar veit du at alt er viktig å huske. Da er det berre å iverksette teknikkane. I ein skuletime er det mykje som er mindre viktig (realistisk sett).

skoleverket

Å utfører studier er vanskelig, derfor må ofte forsøka forenklast for å oppnå innsikt. Det medfører likevel ein del problem. Et problem var at alt (12 setningar) var viktig å huske. Ein vanlig skuletime, derimot, kan inneholde hundrevis, kanskje tusenvis av setningar. Nesten ingen er så enkle som “drikk av glaset”.

I studien blei resultatet best ved miming. Ein skuletime derimot er fullspekka med informasjon – gjerne kompleks informasjon – som er umulig å mime.

Cellekjerne er et spesialisert rom eller kammer i kjerneholdige (eukaryote) celler.

Cellekjernen inneholder arvestoffet (DNA) i form av kromosomer.
Store norske leksikon. 

Forskjell på studien og ekte skuletimar

Miming er ein god måte å lære på, ein metode som menneska har brukt til alle tider. Men læring på skulen handlar ofte om begrep, definisjonar og mykje anna som er umulig å mime. Derfor utgår ofte den metoden, dessverre.

Dersom dei 12 setningane hadde handla om cellekjernar ville både miming, lytting og notering gitt dårlig gjenkalling rett etterpå. Lytting ville truleg gitt 0 til 3 av 12 rette. Ved notering ville resultatet blitt omlag det samme. Men sjølv om elevane ikkje ville huska setningane rett etterpå, så ville i alle fall notata gitt elevane noko å sjå tilbake på. Og eventuelt bidratt til gjenkalling seinare.

Mange spør om eg memorerer når eg lærer/studerer. Det gjer eg sjeldan. Memorering (slik som vist i videoen) er kort sagt lytting og innvendig visualisering/miming. Problemet med memorering, også for meg som er profesjonell, er å følge med, i tillegg til å memorere (å memorere mens eg spelar kort er relativt enkelt, men å memorere under møter eller undervisning er meir komplekst).

I videoen huska eg alt. Men ein skuletime inneheld ofte mykje meir informasjon enn ei tallrekke. Det er umulig å huske alt. Hvis det hadde gått an å huske alt hadde det ikkje vore vits med VM i hukommelse. Derfor meiner eg at studieteknikk nummer 1 er å finne ut kva som er viktig. Ikkje berre det: Kva er det viktigaste av det viktige. Å finne essensen.

Korleis huske?

Vi som konkurrerer i hukommelse har erfart at det som er enkelt å sjå for seg er enklare å huske. Dette viser også studien. Prinsippet “enkelt å sjå for seg, enklare å huske” er noko dei fleste pensumbøker slit med. Men kva skal elevane gjere – for å huske?

Professor Göran Söderlund, som står bak studien, rådar elevane til å lytte nøye – og deretter skrive ned det dei huskar. Det er i utgangspunktet eit godt råd – men eg meiner at valg av metode kjem an på faget, situasjonen, mengda du skal huske – og kor lenge du skal huske det.

La oss ta eit scenario: Du går på forelesning som varer i 45 minutt. Forelesaren er meget dyktig. Da vil forelesninga fungere som stalltips på kva som er det viktigaste å huske. Stalltips frå eksperten, som har kokt ned eit enormt pensum til ein flott grunnmur – som du kan bygge vidare på. Desse 45 minutta vil sannsynligvis innehalde mykje informasjon, som er veldig omfattande å handtere ved å berre lytte.

Vanligvis vil eg derfor skrive ein god del (samtidig som eg reflekterer, hvis mulig).

Etter timen sit eg igjen med gode notat, som eg kan ta til neste steg: Få kunnskapen inn i langtidshukommelsen, ved å memorere eller andre metodar – eller optimalt sett ved å utføre kunnskapen (bruke matteformelen, bruke volleyballteknikken).

Når det er sagt: Det er ikkje realistisk å holde styr på alt i religion, historie, matte og norsk – etter 5-6 skuletimar om dagen. Men med gode notat unngår du å sitte igjen med tomme hender.

Elendige skuleresultat

Avisartikkelen viser også til at norske elevar har historisk dårlige resultat i lesing, rekning og naturfag. Professoren meiner:

-Eg synest den norske skulen har fått lov å halda på med veldig ineffektive innlæringsmetodar lenge. Det har då resultert i det me kallar “pisasjokket”.

Sitat slutt. Eg meiner at han bommar. Det er mykje som fungerer dårlig i skuleverket – MEN Norge hadde gode resultat tidligare. FØR innføring av iPad til alle fem/seksåringane i første klasse. Før digitaliseringa på alle trinn. Læremetodar har lite betydning når mange sit på YouTube eller TikTok i skuletimen. Det blir litt som å sitte på YouTube på treningssenteret – da har treningsmetodar lite betydning.

På mange skular handlar friminutt om skjerm, i staden for bevegelse. På kvelden er det skjerm på bekostning av søvn. Alt dette svekker konsentrasjonen og evna til å lære. I matpausane er det skjerm, for at barna skal holde seg i ro (som mellom anna fyller hodet med enda meir inntrykk og informasjon, på bekostning av sosiale ferdigheter og hjernens evne til å handtere kunnskapen som har blitt absorbert). Når det i tillegg blir utdelt distrasjons-brett er det overraskande at gamle innlæringsmetodar blir syndebukken. Klassisk startpakke for skuletaparane er energidrikk, sjokoladebolle og iPad eller mobil. Det er veldig få skuletaparar som holder seg til vannflaske, rein mat og ei bok.

Uansett, studien er interessant og eg håper det blir forska meir på lytting, skriving, læring og studieteknikk. Sjøl om eg er kritisk til deler av konklusjonen, håper eg at mine innspel kan bidra på ein konstruktiv måte.